Næringssjef Daniel Skotheim manglar berre ei verksemd for å laga den første Loop-en i Os.
Næringssjef Daniel Skotheim manglar berre ei verksemd for å laga den første Loop-en i Os.

Næringssjefen manglar berre ei verksemd for å skapa Os sin første LOOP

Daniel Skotheim har nesten alt klart for å gå i gang med det nye prosjektet som skal hjelpa ungdom ut i arbeid, og manglar berre den siste verksemda.

Som Os og Fusaposten skreiv om i april er NAV, Os kommune og næringslivet i ferd med å inngå eit samarbeid som skal gje ungdom ein ny sjanse til å koma ut i arbeidslivet. Næringssjef Daniel Skotheim, som går i spissen for arbeidet, orienterte formannskapet tysdag om status.

– Fjellanger er alt gått inn som ei av verksemdene. Os kommune er også med som arbeidsgjevar. No manglar me berre ei til for å få i gang den første Loop-en i Os, sa Skotheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik fungerer LOOP

Opplegget fungerer slik: Nav føreslår kandidatar som vert intervjua av tre samarbeidsføretak i ein Loop. Tre kandidatar vert plukka ut og får jobba fire månader i kvart føretak. Dei får tett oppfølging, ein eigen mentor i føretaket og lærer seg reglane til arbeidslivet. Intervjutrening og diverse kurs er òg ein del av opplegget.

– Me har fleire gode kandidatar, og dei treng berre det siste vesle dyttet, den vesle erfaringa som gjer at dei kan koma seg ut i fast jobb, sa Skotheim.

ol@osogfusa.no