Det vil komme tilbod om ein fjerde dose koronavaksine, men timingen er spørsmålet, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Nakstad: Det vil heilt sikkert komme tilbod om fjerde vaksinedose

Det er sikkert at det vil koma eit tilbod om ein fjerde vaksinedose, spørsmålet er når, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

– Bør ein gi det no på slutten av ei stor smittebølgje, eller bør ein venta til neste vintersesong? Ein må finne det beste tidspunktet å gi han på. Og der er det vanskelege vurderingar som blir gjort av dei ulike folkehelseinstitutta i ulike land, seier Nakstad til NRK.

Nakstad seier at Folkehelseinstituttet vurderer dette fortløpande. Det er allereie ei tilråding om ein fjerde dose koronavaksine til alle med svekt immunforsvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Sverige valde ein først å tilrå ein fjerde dose til dei over 80 år, og no til dei over 65.

– Dei landa som var først ute med å tilrå ein tredje dose, er òg først ute med den fjerde, som til dømes Israel, seier Nakstad.