Tyfonar blir testa i heile landet onsdag.

Naudvarsel blir testa på mobilar og tyfonar i heile landet

Varslingsanlegget til Sivilforsvaret vil testa tyfonane i heile landet i dag klokka 12, i ei felles nasjonal varslingsprøve. Samtidig vil politiet senda ut naudvarsel på mobil.

Publisert



– Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrera og spela av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler, står det i ei pressemelding frå Statsforvaltaren.

Signalet «Viktig melding – søk informasjon» vil vera mogleg å høyra frå tyfonar i heile landet.

Når dette skjer, er det meininga at du skal informera deg om kva som skjer ved hjelp av ulike kanalar som radio, TV eller nettsidene til styresmaktene.

– I ein reell situasjon inneheld eit naudvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjera for å verna deg sjølv, står det i meldinga.

Naudvarselet på mobil blir testa i heile landet for å gjera befolkninga kjend med korleis det er å få eit naudvarsel. I tillegg blir det gjort for å vera sikre på at systemet fungerer som det skal.

Om du ikkje ønskjer å få varselet, må mobilen vere slått heilt av eller vera i flymodus.

Naudvarselet vil også bli testa på mobil i heile landet.
Powered by Labrador CMS