Skal ha blitt observert: Føraren skal ha blitt observert av Utrykkingspolitiet (UP) medan vedkomande kryssa ei kvit sperrelinje i dette området.

Nekta å vedta forenkla førelegg etter å ha blitt stoppa av politiet

Ein bilførar blei observert då vedkomande skal ha kryssa ei kvit sperrelinje ved påkøyringa til E39 i Endelausmarka.

Kring klokka 9 torsdag kom Utrykkingspolitiet over ein bil som kryssa ei kvit sperrelinje ved påkøyringa til E39 i Endelausmarka.

Det opplyser politioverbetjent Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Føraren fekk tilbod om eit forenkla førelegg på staden, men nekta å vedta dette. Føraren, ein mann i 30-åra, blei difor meld for forholdet, seier Birkeland.

Klokka 20 fekk politiet melding om at ein motorsykkel hadde køyrd i fjellveggen ved Hegglandsdalsvegen. Birkeland skriv at det skjedde ved Hetlevik, som ligg ved Bogstrandvegen.

— Heldigvis hadde motorsyklisten truleg forholdsvis låg fart. Føraren blei køyrd til Haukeland, truleg lettare skadd. Det er oppretta sak på forholdet. Føraren var ei kvinne i 50-åra, skriv Birkeland.