Lepsøykrysset: Føraren skal ha brote stopplikta her. Biletet berre for illustrasjon.

Nekta å vedta førelegg i Lepsøykrysset

— Føraren vil bli meld.

I tillegg til den før omtalte promillekontrollen på Svegatjørn/Ulvenvegen tysdag morgon, var UP ute på to andre oppdrag i Os-området.

Les også
77 kontrollerte tysdag morgon

Ei stund stod dei ved Lepsøykrysset. Her fekk ein sjåfør eit førelegg på kroner 9.700 for brot på stopplikta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette nekta han å vedta. Han vert difor meld, opplyser fagleiar Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon.

UP avslutta formiddagen med ein promillekontroll på Halhjem ferjekai der 14 førarar vart kontrollerte. Som på Svegatjørn, vart det heller ikkje her nokon reaksjonar.