Vêrvarslinga for både Os og Fusa held seg over 10 grader så langt varslinga viser. Inn mot neste helg er det meldt 17 grader i Os og 18 grader i Fusa.
Vêrvarslinga for både Os og Fusa held seg over 10 grader så langt varslinga viser. Inn mot neste helg er det meldt 17 grader i Os og 18 grader i Fusa.

Neste veke blir det sommartemperatur

Bergen hadde den høgaste temperaturen i landet i går med 13,1 grader. Dei neste dagane skal det bli endå varmare.

– Det er langtidsvarsling, så det er litt usikkert, men det ser ut til at vi kan få gode temperaturar neste veke, seier vakthavande ved Meteorologisk institutt, Anne Solveig Andersen.

Varmare dei neste dagane

Vêrvarslinga for både Os og Fusa held seg over 10 grader så langt varslinga viser. Inn mot neste helg er det meldt 17 grader i Os og 18 grader i Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje sikkert at det blir akkurat så varmt, men det ser i alle fall bra ut, seier Andersen.

– Laurdag er det meldt 14 grader. Er det ganske sikkert?

– Det er ikkje sikkert at det blir akkurat 14 grader. Det spørst heilt kvar ein bur også. I Bergen var det 13,1 grader. Det var høgast i landet. I dag er det kring 14–15 grader i Bergen, og temperaturen skal gå litt opp dei neste dagane. Det vil vera lokale skilnader.

– Kan ein finna fram shortsen no?

– He-he. Det kjem an på personlege ønske, og kva ein toler. Det er litt vind i fjellet og utsette fjordstrøk, men elles skal det vera fint, seier Andersen.

– Er det noko regn i sikte?

– Ikkje dei nærmaste dagane. Det er litt større sjanse for at det kan koma noko nedbør i helga. Det kjem noko inn frå sør, men vi er usikre på kor langt nord det når, seier Andersen.