Av fleire grunner to det lengre tid før den nye Ulvenvegen kunne opnast. Tysdag 15. mai blir det opning.
Av fleire grunner to det lengre tid før den nye Ulvenvegen kunne opnast. Tysdag 15. mai blir det opning.

Neste veke opnar nye Ulvenvegen

Vegen har vore stengt sidan seint i 2015. Tysdag får ordførar Marie Bruarøy æra av å opna nye Ulvenvegen.

– Fylkesveg 160 Ulvenvegen var bygd på dårlege massar på nordsida av Svegatjørn, og låg midt i løypa for bygging av nye E39. Vegen blei stengd 30. november 2015 for å gje plass til anleggsarbeidet i området. Driving av Skogafjellstunellen og masseutskifting av Svegatjørn har prega området desse dryge to åra, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Opna for trafikk på ettermiddagen

Den nye Ulvenvegen får to køyrefelt og eigen gang- og sykkelveg. Midtvegs er det bygd ei rundkøyring. Der vil sjølve opninga finna stad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Publikum er velkomen til å bli med på opninga. Ein ber om at ein tek seg fram via Ulvenparken. Vegen blir opna for trafikk ein gong ut på ettermiddagen tysdag, skriv vegvesenet.

Vidare skriv dei at då vegen blei stengd i 2015 gjekk framdriftsplanen ut på at nyevegen kunne opnast innan utgangen av 2017, men mykje meir arbeid med den høge tørrmuren langs nyevegen samt ein kald vinter i 2018 – førte til at entreprenøren trengde meir tid før ein kunne opna den nye fylkesvegen.