Over 600: Over 600 i ny gruppe vil få tilbod om å ta 1. vaksinedose neste veke.

Neste veke startar vaksinasjonen av ny gruppe

Desse skal få vaksine i Bjørnafjorden neste veke.

Tilbodet vil no gå ut til over 600 personar i aldersgruppa 55-64 år med underliggande tilstandar og sjukdomar som gir moderat risiko for alvorleg koronaforløp.

– Vaksinasjonen av dei mange i gruppe 4 har gått greitt. No er det berre nokre svært få personar i gruppe 4 igjen, som alle vil få tilbod om å ta vaksine neste veke. Då startar vi òg med vaksinasjon av ei ny prioriteringsgruppe, gruppe 5. Over 600 i denne gruppa vil få tilbod om å ta 1. vaksinedose neste veke, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf til kommunen sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prioriteringsgruppe 5 er personar mellom 55 og 64 år som har følgande tilstandar eller sjukdom som gir moderat risiko for alvorleg forløp av covid-19:

* Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon

* Immundempande behandling som ved autoimmun sjukdom

* Diabetes

* Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året

* Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller meir

* Demens

* Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)

Artikkelen held fram under annonsen.

* Hjerneslag

Annan svært alvorleg sjukdom kan også gi auka risiko for alvorleg forløp av covid-19. Vaksinasjon i slike tilfelle blir vurdert individuelt av lege.

Melf opplyser at det er fastlegane som har ansvar for å identifisera personar med tilstandar og sjukdomar som er nemnde over.

– Dersom dette gjeld deg, melder fastlegen din frå til oss i kommunen, slik at vi kallar deg inn. Du treng ikkje gjere noko. Vent på innkalling, forklarer kommuneoverlegen.

Han legg til at dei har hatt problem med å koma i kontakt med nokre få personar i gruppe 1-4.

– Dersom du framleis ventar på vaksinetilbod, eller du tidlegare har avslått tilbodet om vaksine og no har ombestemt deg, kan du ringja oss på vaksinetelefonen 913 58 649, er meldinga frå Melf.

Os & Fusaposten har tidlegare skrive saker om kva som skjer med eventuelle ekstradosar.

Nokre kommunar ber innbyggjarar som kan vera tilgjengelege på 30 minutts varsel om å registrera seg på ei liste, slik at dei kan bli kalla inn dersom andre ikkje skulle møta opp til timen sin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har ikkje ei slik "reserveliste" i Bjørnafjorden. Før kvar vaksinasjonsdag blir dei neste på lista spurde om dei kan vera standby.