Rasutsett: E16 mellom Bergen og Voss er ein av dei mest rasutsette vegstrekningane i landet.

Nesten ingen vestlendingar vil prioritera Hordfast

Dei fleste vestlendingane vil at E16 mellom Bergen og Voss skal prioriterast framfor Hordfast.

Det kjem fram i spørjeundersøking Norstat har utført på vegner av NRK.

70 prosent av dei spurde vil ha ny og betre veg på E16 mellom Bergen og Voss. Medan berre 11 prosent vil ha ferjefri veg mellom Stord og Os (Hordfast).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Strekninga Bergen-Voss er rasfarleg og kan i verste fall ta liv. Vegane over Stord mot Haugesund og Stavanger er gode, seier trailersjåfør Gisle Fotland til NRK.

E16 mellom Bergen og Voss har ved fleire høve vore omtalt som den verste vegen i Noreg. Den er også den mest rasutsette europavegen i heile Noreg.