No får over 4.500 bileigarar melding om at Forsvaret kan ta bilen

Til bileigarar: Forsvaret sender torsdag ut melding til 4.594 bileigarar i Noreg om såkalla førebudd rekvisisjon.

– Dette er eit føre-var-tiltak.

Torsdag får 4.594 bileigarar i Noreg digital melding frå Forsvaret om såkalla førebudd rekvisisjon. Det betyr at køyretøyet – i ein krigssituasjon – vil bli disponert av Forsvaret ved behov.

Dette bidreg til at Forsvaret har tilgang til nødvendige ressursar i ein krigssituasjon, skriv Forsvaret i ei pressemelding torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er ei vidareføring av det som vart gjort i januar i fjor, då Forsvaret sende ut over 4.000 førebudde rekvisisjonar. 3.201 av dei førebudde rekvisisjonane for 2023 blir vidareførte frå i fjor, medan 1.393 er nye.

Dersom du får melding, betyr det at Forsvaret i ein krigssituasjon kan disponera køyretøyet ditt. Den førebudde rekvireringa gjeld for eitt år om gongen, men kan forlengjast.

– Dette er eit føre-var-tiltak og ein del av ei større gjenoppbygging av beredskapen vår, forklarer generalmajor Lars Christian Aamodt, sjef for Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO).

Det er ei lov frå 1951 som er heimelen. Denne seier også at Forsvaret kan rekvirere hus og bygg.