No kan du sjekka eigedomsopplysningar frå sofaen

Denne veka lanserte Digitalarkivet ei sjølvbeteningsløysing for eigedomssøk.

Løysinga gjer det mogleg for "alle" å henta ut oversikt over tinglysingar på ein eigedom. Det opplyser Arkivverket i ei pressemelding.

- Dette er nyttig når du til dømes skal selja bustad eller få oversikt over vegrett og grenser. Det er stor etterspurnad etter eigedomsopplysningar, kvar fjerde førespurnad til Arkivverket handlar om dette, heiter det i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med den nye sjølvbeteningsløysinga for gamal grunnbok kan privatpersonar, eigedomsmeklarar og advokatar sjølve finna fram til nøkkelopplysningar om ein eigedom.