Støtte: No kan frivillige organisasjonar søkja om straumstøtte.

No kan frivillige søkja om straumstøtte

No kan også frivillige organisasjonar og foreiningar søkja om straumstøtte. Kultur- og likestillingsdepartementet har sett av 250 millionar kroner til ordninga.

– Alle frivillige organisasjonar som har utgifter til straum eller fjernvarme og held til i ein kommune som hadde ein gjennomsnittleg straumpris på over 70 øre per kWh i desember, har rett på tilskot og kan no søkja om tilskot på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet eller hos kommunen, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap).

Trettebergstuen oppmodar no lag og organisasjonar til å søkja.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etter to år med pandemi veit vi at fråfallet frå idretten er eit problem. Då er det viktig at vi bidreg til at høge straumprisar ikkje fører til auka deltakaravgifter eller redusert aktivitet, seier Trettebergstuen.

Ordninga gjeld også verksemder som er eigde av frivillige organisasjonar og andre verksemder med vesentleg innslag av frivillig innsats, til dømes samvirkeeigde grendehus.