Vilt i vegen: Politiet opplyser at ein sjåfør køyrde på ein hjort på E39 i Endelausmarka måndag morgon.

Ny hjortepåkøyrsel måndag morgon

Denne gongen mellom Skogafjellstunnelen og Lyshorntunnelen.

Det er politiet som opplyser om saka i ein e-post.

Politioverbetjent Atle Birkeland skriv at hendinga fann stad kring klokka 7 måndag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er ikkje meld om personskade. Viltnemnda er varsla, skriv Birkeland.

Det har den siste tida vore fleire tilfelle av påkøyrd hjort ved Skogafjellstunnelen.

I februar var Tom-Ole Strømme nære ved å krasja med ein hjort i 100-sona mellom dei to tunnelane.

I samband med den saka uttalte byggjeleiar i Statens vegvesen, Frode Tufteland, at det er viltgjerde i området, men at det er vanskeleg å hermetisk lukka området.

— Vegen er bygd etter dagens krav til standard i forhold til trafikantanes tryggleik. Blant desse krava, er viltgjerde, sa Tufteland då.