Hjort i vegen: Det er nok ein gong meld om hjort ved Skogafjellstunnelen. Politiet fekk melding både torsdag og fredag.

To meldingar om hjort utanfor Skogafjellstunnelen

Politiet har fått inn meldingar om hjort i 80-sona på E39.

Både torsdag kveld og natt til fredag fekk politiet melding om fleire hjort i vegbanen sør for innløpet til Skogafjellstunnelen.

Det opplyser politioverbetjent Thomas Juulseth i ein e-post. Vidare skriv han at Vegtrafikksentralen er informert.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Har de oversikt over kor mange meldingar de har fått om hjort i vegen i dette området?

— Nei, det har vi ikkje oversikt over, diverre. Men det er mogleg at Vegtrafikksentralen har det, fortel Juulseth.

Viste bort person frå AMFI-senteret

Politiet fekk torsdag formiddag melding om at ein rusa person var til “sjenanse” på AMFI Os.

— Han skal ha opphalde seg der i fleire timar. Mannen, som er i 20-åra, blei vist bort frå senteret, skriv Juulseth.