656 personar: Osingane har med gjeve reint vatn resten av livet til 656 personar.

Ny rekord for Fasteaksjonen på Os

Resultatet for Fasteaksjonen i Os sokn er klart.

Konfirmantane i Os kyrkjelyd har samla inn 164.021 kroner i Fasteaksjonen 2022.

– Det gode resultatet er rekord for oss, opplyser kyrkjelyden i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Osingane har med dette gjeve reint vatn resten av livet til 656 personar.

Blant kyrkjelydane i Vestland er Os nummer fire. På landsbasis er dei på 15. plass.

Det innsamla beløpet er resultat av det kyrkjelyden har samla inn både fysisk med bøsser på dørene og digitalt, men òg gåver til fasteaksjonen som er registrert sentralt frå privatpersonar og næringsliv.

– Vi vil takka for innsatsen til konfirmantar, konfirmantforeldre og andre som har gitt av tid og pengar, og bidratt til tidenes rekordbeløp, kommenterer ein nøgd komité.

I pressemeldinga vert det opplyst at rekordinnsamlinga gjer at soknepresten hoppar i havet i prestekjolen (!) torsdag 19. mai.