Auke: Os & Fusaposten er mellom dei fem avisene på Vestland med størst auke i opplag første halvår 2021.

Nye opplagstal i dag: Den positive utviklinga held fram for Os & Fusaposten

Ferske opplagstal frå LLA og MBL viser ny oppgang for Os & Fusaposten.

Opplagstalet for lokalavisa andre halvår 2020 var 5339. Talet for våren 2021 er 5431. Det gjev ei auke på 92.

Os & Fusaposten er med det mellom dei fem avisene på Vestland med størst auke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avisene tilknytt Landslaget for lokalaviser (LLA) aukar samla med 0,53 %. Over 60 % av LLA-avisenes opplag er komplett-abonnement (både papir og nett). Nesten 30 % av abonnentane er heildigitale.

LLAs generalsekretær, Tomas Bruvik, er godt nøgd med tala.

– Gjennom pandemien trur og håper eg at folk har sett kor viktig det er å ha ei lokalavis i kommunen sin. Avisene våre formidlar nyttig og livsviktig informasjon og dei knyter folk saman. Lokalavisene er også ein nyttig mediekanal for bedrifter, organisasjonar og kommunar. Særleg har mange kommunar brukt lokalavisa det siste året for å få ut samfunnskritisk informasjon i eit truverdig miljø, seier Bruvik.