I dag sparkar Os & Fusaposten i gang nysatsinga «Liv laga», kor målet er å samla mest mogleg informasjon om alle fritidstilbod i Os og Fusa på osogfusa.no.
I dag sparkar Os & Fusaposten i gang nysatsinga «Liv laga», kor målet er å samla mest mogleg informasjon om alle fritidstilbod i Os og Fusa på osogfusa.no.

Nysatsing frå avisa: Samlar alle lag og organisasjonar til eitt rike

Fritidstilboda i dei to kommunane våre er tallause. No vil lokalavisa samla alle på éin stad.

I dag sparkar Os & Fusaposten i gang nysatsinga «Liv laga», kor målet er å samla mest mogleg informasjon om alle fritidstilbod i Os og Fusa på osogfusa.no.

Tanken er at dette skal gjera det lettare for mor, far og ungdomen i huset å finna den kontaktinformasjonen dei treng til det fritidstilbodet dei ynskjer å ta del i. I tillegg ynskjer avisa på denne måten å bidra til å løfta fram mangfaldet i fritidstilbod og hjelpa laga til å nå ut med informasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Malen er den same som for Fagfolk-karusellen som ein finn på osogfusa.no i dag.

- Her vert det både ei totaloversikt og eigne bakomsider for kvart enkelt lag, der store og små kan finna den informasjonen dei er på jakt etter og der laga kan informera om det dei ynskjer, forklarer Leif Juvik. Han er primus motor for prosjektet i avisa.

I desse dagar går det ut informasjon til lag og organisasjonar om nysatsinga.

- Det er svært mange tilbod å velja i, og kanskje ikkje alltid like lett å vita kvar ein kan finna informasjon og kontaktopplysningar. Med denne satsinga vonar me å kunna bidra til at det vert lettare å orientera seg og gje laga ein kanal til å nå ut. Vi vonar så mange som mogleg har lyst og høve til å vera med på dette, slik at oversikta vert så komplett som mogleg, til glede for både laga og dei som ynskjer å ta del i eitt av tilboda. Skulle ditt lag ikkje få informasjonen tilsendt, så må de berre ta kontakt med oss i avisa, oppmodar Juvik.

Sjølve lanseringa på nettet skjer i august, samstundes med at langt dei fleste fritidstilboda startar opp att etter sommarferien.

jostein@osogfusa.no