Ras: Slik såg det ut då det raste i Hovdalia i 2020.

Nytt gult farevarsel: Fryktar ulike typar skred

Farevarselet gjeld frå i går kveld til natt til tysdag.

Heile Bjørnafjorden er omfatta av det gule farevarselet frå varsom.no.

Faren for utløysing av sørpeskred gjeld særleg i område med meir enn 30 cm snø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snøen er nokre stader metta av vatn. Eit sørpeskred kan løysast ut i relativt slake hellingar der det samlar seg vatn.

Skreda vert ofte kanaliserte ned i forsenkningar og bekkeløp og kan då utvikla seg til flaumskred.

Farevarsel: Skredfaren gjeld store delar av Vestlandet.

Faren for jordskred og utglidingar gjeld område med lite snø og frost i bakken.

Nokre stader har det regna kraftig natt til måndag, og det er framleis venta bygenedbør som regn i lågareliggjande strøk måndag.

Varmegrader og vind bidreg også til snøsmelting.

Dersom det går skred, betyr det at utsette vegar kan bli stengde. Flaumskred har lang rekkevidde og kan gå ned i dalbotnen sjølv om det vert løyst ut høgt i terrenget.

Rådet frå styresmaktene er som alltid å halda stikkrenner, kummar og andre vassvegar frie for snø/is og grus. Tette vassvegar med oppdemma vatn kan føra til skred.