Den nye inngangen i Dragesetbygget kjem i vestenden av bygget. Like innanfor inngangen kjem nye trapper og ny heis. Målet er å gjera lokala i dei øvste etasjane meir tilgjengelege og meir attraktive for potensielle leigetakarar, seier Torgeir Lyssand.
Den nye inngangen i Dragesetbygget kjem i vestenden av bygget. Like innanfor inngangen kjem nye trapper og ny heis. Målet er å gjera lokala i dei øvste etasjane meir tilgjengelege og meir attraktive for potensielle leigetakarar, seier Torgeir Lyssand.

Nytt inngangsparti om ein månad

I midten av mai opnar Lyssand-familien sitt nye inngangsparti i Drageset-bygget.

I vinter skreiv Os og Fusaposten om familien Lyssand og deira planar for å få inn meir næring i det gamle ærverdige Dragest-bygget i Os sentrum. Etter at Joker-butikken vart ein smule «forminska», fekk eigarane av bygget høve til å starta på eit nytt inngangsparti i austenden av bygget, altså inn mot Fagerthun-bygget, der Osøyro Kolonial i juni opnar sin nye butikk.

Fleire alternativ

Arbeidet her går radig, og i midten av mai er eigarane klare for å fronta utleige av lokala.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I det nye inngangspartiet får me eit lokale på totalt 150 kvadratmeter. Her vert det heis og trappehus. Den øvrige delen av lokalet vil me leiga ut. Me har hatt fleire intressentar og vurderer fleire løysingar. Kanskje blir det ein butikk her, kanskje blir lokalet utleigd til anna føremål, seier Torgeir Lyssand løyndomsfullt.

Utanom Lilleballong, som legg beslag på kring 200 kvadratmeter av andreetasjen, har familien Lyssand mykje anna areal til leige i bygget.

– Får Lilleballong også inngang frå denne sida?

– Nei, dei held fram med å ta imot kundar via trappa i hovudinngangen, svarer Torgeir.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no