Vil støtta: – Vi ønskjer å støtta innbyggjarane våre med utgangspunkt i det dei sjølve synest er vanskeleg her og no i samband med koronasituasjonen, seier ordførar Trine Lindborg.

Nytt lågterskeltilbod i krisetid: - Dette har vore svært viktig for meg som ordførar

Bjørnafjorden kommune har som følgje av koronakrisa kome med nytt lågterskeltilbod.

Tysdag var nemleg fyrste dagen med kommunens eigen støttetelefon. Her kan du få råd og rettleiing eller berre møta ein å snakka med om det du uroar deg for. Både born, ungdom, vaksne og eldre kan ringja.

– Dette har vore ei svært viktig sak for oss å få på plass så raskt som mogleg, og eg er svært takksam for og imponert over korleis kommuneleiinga og dei tilsette har teke utfordringa og bestillinga vi gav dei om å opna dette viktige tilbodet. Her har det vore skikkeleg dugnadsånd og gode løysingar på tvers av helse- og oppveksteininga, seier ein glad og stolt ordførar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trine Lindborg opplyser at telefonen i første omgang er open på dagtid i kvardagar. Om det er behov for utviding, vil dette bli vurdert fortløpande. Telefonen vert besvart av ulike fagfolk frå tenestene i kommunen som har erfaring med å snakka med menneske som har det vanskeleg på ulike måtar.

– Kommunen ønskjer at innbyggjarar som på ulikt vis opplever denne situasjonen som utfordrande, skal ha ein stad å ringja, der ein kan lufta frustrasjonar, fortelja om vanskelege tankar og følelsar, og få støtte i det ein står i, seier Lindborg.

Det er også koma på plass ei chatteløysning.

– Vi ønskjer å støtta innbyggjarane våre med utgangspunkt i det dei sjølve synest er vanskeleg her og no i samband med koronasituasjonen. Nokon vil ha ønske om og behov for konkrete råd, mens for andre kan det berre vera godt å ha nokon å snakka med, seier Lindborg og held fram:

– Vi veit at det er mange som opplever situasjonen vi no står i som vanskeleg. Kvardagen er forandra, og vi veit ikkje kor lenge denne situasjonen vil vara. Dette er ein heilt uvanleg situasjon for oss alle og det er normalt å reagera på det.

Ordføraren konstaterer at det er mange ulike måtar å reagera på. Nokon vil bekymra seg mykje for folk dei er glade i, nokon for om dei sjøve skal bli sjuke, og fleire og fleire uroar seg over permitteringar og arbeidsløyse.

– Det er normalt å kjenna på frustrasjon over dagar kor vanlege rutinar er borte og ein ikkje sjølv har kontroll og oversikt over ting. Nokon opplever sorg over å ikkje kunne vera sosiale og saman med vener, og nokon kjenner sterkt på einsemd, seier Lindborg.

Ho legg til at born og ungdommar som har det vanskeleg heime, også kan ha behov for å snakka med nokon utanfor familien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å vita at dei kan ringja til denne telefonen om det av ulike grunnar er vanskeleg å snakka med dei heime. Det er likevel viktig å poengtera at dette ikkje er ei helseteneste. Det vert ikkje ført journal, og det vert ikkje gjeve helsehjelp, forklarar ordføraren.

Ho legg til at dei tilsette i Bjørnafjorden kommune er på jobb sjølv om kontora er stengt. Det betyr at dersom du allereie har kontakt med nokon i PPT, barneverntenesta, helsestasjon eller skulehelseteneste, kommunepsykolog eller psykisk helse, så kan du framleis ringja desse. Det same gjeld barnevernstenesta.