26. tilfellet: Dette er det 26. bekrefta smittetilfellet av Covid-19 i Bjørnafjorden kommune sidan mars. Foto: Illustrasjon

Nytt tilfelle av korona i Bjørnafjorden måndag

Det melder kommunen på sine heimesider.

– Ei kvinne i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for Covid-19. Kvinna er smitta av ein nærkontakt i ein annan kommune. Nærkontaktar i Bjørnafjorden er varsla, opplyser kommunen.

Dette er det 26. bekrefta smittetilfellet av Covid-19 i Bjørnafjorden kommune sidan mars.