Kjem med oppmoding: Politistasjonssjef Terje Sperrevik bed folk om å vera merksame, etter ny melding om tjuveri av påhengsmotor.

Nytt tjuveri av påhengsmotor

— Det er éin vi har fått melding om per no.

Det seier politistasjonssjef i Fusa, Terje Sperrevik.

I september blei det meld om ein stolen påhengsmotor i Strandvik. Samstundes bad politiet om tips frå folk som kan ha observert ein kvit varebil av nyare type, utan skilt. Dette i samband med eit mogleg tjuveri frå Joker Strandvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

No har det kome ei ny melding til politiet om at ein påhengsmotor er stolen i Strandvik. Meldinga kom laurdag, men det er meld at tjuveriet må ha funnen stad i tidsrommet onsdag til torsdag førre veke.

— Det er det same området som sist, men om det er nett same plass, har eg ikkje oversikt over per no. Vi vil oppmoda folk om å vera merksame, seier Sperrevik, etter det andre tjuveriet på kort tid.

Det er ikkje berre i Strandvik at det har forsvunne påhengsmotorar den siste tida.

For to veker sidan oppdaga Arvid Søvik at påhengsmotoren på båten hans i Søvikvågen i Lysefjorden hadde blitt stolen i løpet av natta. Ytterlegare éin påhengsmotor skal ha forsvunne frå ein båt i same marina.