Barn på taket: Meldar opplyste om barn på taket på gymsalen.

Observerte barn på taket. Sykkel skal ha blitt kasta ned

Sykkelen kan ikkje ha blitt særleg skadd, då politiet opplyser at barna stakk av på sykkelen.

Det skal ikkje ha blitt gjort operative tiltak på meldinga som kom inn klokka 14.14 søndag.

— Politiet fekk melding om at det var observert barn på taket på gymsalen, ved Os barneskule. Det blei blant anna observert at ein sykkel blei kasta frå taket, og at barna stakk av på sykkelen, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare opplyser Lyssand om eit tilfelle søndag, der ein mann i 80-åra køyrde på feil rampe i tilknyting til E39, og hamna mot trafikken. Mannen måtte rygga opp påkøyringsrampen til E39, og ta bussen heim.

— Mannen erkjente forholdet og førarkortet blei inndrege, skriv Lyssand.

Søndag kveld skal ein bilist ha blitt overraska av hjort i vegen, og vedkomande skal ha fått skade på bilen etter å ha svinga unna hjorten.

Hendinga fann stad på Lepsøyvegen rett før halv elleve søndag kveld.

— Vedkomande skulle køyra unna hjorten. Dette resulterte i skade på frontfangar og høyre bakhjul. Ingen andre skader, verken på person eller køyretøy. Bilen måtte stå, og sjåføren blei køyrd heim av ein kompis, skriv Lyssand.