Stengt: Ole Bulls veg vert etter alt døma stengt til i morgon ettermiddag.

Ole Bulls veg er stengt

Ole Bulls veg vart stengt klokka 17 i ettermiddag.

Det fortel teknisk vakt hjå Bjørnafjorden kommune, Dag Søfteland.

– Det samlar seg mykje vatn i vegbanen når det regnar mykje. Det er betre å vera føre var der oppe. Dessutan har vi ein jobb vi skal gjera der i morgon. Vi skal opna opp nokre avlaup, opplyser Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidet startar i morgon tidleg. Søfteland reknar med at vegen kan opnast igjen i løpet av ettermiddagen.

Teknisk vakt har så langt ikkje fått melding om andre hendingar i uvêret tysdag kveld.