Omfattande skadeverk på Kuventræ skule.

Omfattande hærverk på skule: 18 ruter knuste

Politiet er interessert i tips.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag kveld vel kl 23 fekk politiet melding frå ein representant frå kommunen om omfattende skadeverk på Kuventræ skule.

— Skade på vindu og dører. Brannalarmen skal ha blitt utløyst som følge av dette. Politiet er på staden og gjer åstadsundersøkingar, opplyste operasjonsleiar Frode Kolltveit laurdag kveld.

Fleire ruter på fleire ulike bygg er knuste. 

Politiet er interessert i tips på observasjonar av personar og/eller køyretøy som kan ha opphalde seg på eller ved skulen i løpet av laurdagskvelden. 

Desse kan meldast til politiet på tlf. 02800.

Like over midnatt avslutta politiet undersøkingane på staden. 

— Gjerningsperson(ar) har vore inne på skulen. Det er også gjort skadeverk på ein del datautstyr inne på eit rom, opplyste operasjonsleiaren. 

Det var per då ukjent om noko var stole. 

Det skal vera gjort skadeverk på tre bygg. Totalt 18 ruter skal vera knuste. 

Søndag morgon kunne operasjonsleiar Morten Rebnord ved Vest politidistrikt opplysa til Os & Fusaposten at saka no har gått vidare til etterforsking.

Powered by Labrador CMS