Astrid Leikvoll frå Os eldreråd lurte på om tenesteutvalet hadde hatt fokus på avvik i eldreomsorga, og om dette hadde blitt følgt opp i denne perioden.
Astrid Leikvoll frå Os eldreråd lurte på om tenesteutvalet hadde hatt fokus på avvik i eldreomsorga, og om dette hadde blitt følgt opp i denne perioden.

Ønskjer å bli meir involverte

Os eldreråd hadde fleire saker på agendaen då dei vitja tenesteutvalet i dag. Blant anna at kompetansen dei sit på ikkje vert godt nok nytta.

Bjørn Sivertsen (Høgre) i Os eldreråd opna med å kommentera representasjonen i råd og utval.

- Det er litt påtakeleg at alle grupper utanom brukarane er representerte i komiteer, råd og utval. Det har blitt diskutert diverse saker kring Luranetunet, som kjøken eller ikkje kjøken og bemanningssituasjonane, og kva som skal skje med den gamle skjukeheimen, for å nemna noko. Men det er ingen som rådfører seg med oss. Me har berre fått beskjed i etterkant om korleis det blir, sa Bjørn Sivertsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kanskje de bør møta her oftare?

Os eldreråd vitjar tradisjonelt tenesteutvalet på det siste møtet før budsjettkonferansen, men Anders Hjelle (TvS) meiner at dei kanskje bør møta oftare.

- Dette er opne møte. Kanskje de burde vore her oftare. Om det er slik at de sit att med eit inntrykk i etterkant om at de ikkje har fått vore med i påvirkningsprosessen, så er ikkje det noko kjekt å høyra. Slik skal det ikkje vera, seier Hjelle.

Kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap, Nils-Petter Borge, meiner prosessane med Luranetunet, til dømes, har vore opne, og at eldrerådet har hatt fleire sjansar til å koma med sine innspel.

- Me har hatt informasjonsmøte, og snakka med tilsette og brukarar på Luranetunet. Me har vore lydhøyre. Og eg meiner det har vore rikeleg med høve til å koma med innspel, seier Borge.

Aukar talet lærlingar

Eit anna viktig punkt på lista til representantane frå eldrerådet, var talet lærlingar i omsorgssektoren.

- Det vert snakka så fint om at me treng fagarbeidarar i eldreomsorgen. Men då må ein starta ein plass, og få nok lærlingar inn, for å møta behovet som er i dag. Eit behov som berre kjem til å auka med åra.

- Eit nyleg eksempel på å sikra rekruttering er eit valfag på Os ungdomsskule der elevane er ute i omsorgsyrke nokre timar i veka, seier Eirik André Hesthamar.

Nils-Petter Borge svara med ein budsjettlekkasje.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me kjem til å dobla talet lærlingar frå 10 til 20, seier Borge.

Avvik i eldreomsorgen

Sivertsen og Leikvoll hadde med seg ein avisartikkel frå Bergens Tidende med tittelen: "Svikt på sykehjem Kartlegges".

I Bergen vert det kartlagt avvik i eldreomsorga, og eldrerådet ønskte å vita om tenesteutvalet hadde hatt oppe temaet om svikt i sjukeheimsdrift og heimesjukepleie, og kva dei eventuelt gjer med det.

- Er det gode nok prosedyrar i Os kommune til å følgja opp og førebyggja feilmedisinering og fall. Er det ein strategi for korleis slike ting vert handtert i kommunen? Dette gjeld for så vidt ikkje berre dei eldre i samfunnet. Dette er noko alle kan råkast av, seier Leikvoll.

- Artikkelen som det vert vist til kjem av ein nasjonal tryggleikskampanje frå regjeringa. Os kommune gjer sin del av jobben, og me har eit godt system som gjer at me fangar opp uønska hendingar og svikt, seier Borge.