Frank Bruarøy har god grunn til å smila. Frå somaren av skal han driva både food truck og food sjark.
Frank Bruarøy har god grunn til å smila. Frå somaren av skal han driva både food truck og food sjark.

Opnar food sjark saman med Hellstrøm

I tillegg til food truck har Frank Bruarøy investert i ein enorm food sjark som skal liggja i hamna i Os. Med seg på laget har han stjernekokk Eyvind Hellstrøm.

- Dette blir bra, seier Frank og held fram:

- Vi tenkjer å ha base her ved Essoen, og kunna cruisa rundt på fjorden og servera mat. Vi har diverre ikkje fått løyve til å selja mat i Fusa, så fusingane må koma midtfjords for å få oppleva sjømat på sitt beste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tuk-Tuk frå Thailand

Då Frank blei vinnar av Salma Chef-konkurransen i 2012 var Hellstrøm hovuddommar. Sidan har dei halde kontakten og jobba med ulike idear. No har dei altså landa på food sjark.

- Vi har funne ei passande 60-fots-sjark som er spesialbygd. Det blir restaurant ombord, men også høve til å ta med mat. Vi kan også levera. Vi har investert i ein Tuk-Tuk frå Thailand som Eyvind skal køyra rundt og levera mat i. Sjarken blir levert i juni, og vi opnar i starten av juli, seier Frank.

Vil byta på å fiska råvarer

På menyen skal ein kunna finna det beste av sjømat. Dei vil nytta både lokale og internasjonale råvarer.

Eyvind Hellstrøm og Frank Bruarøy då sistnemnde blei Salmachef.
Eyvind Hellstrøm og Frank Bruarøy då sistnemnde blei Salmachef.

- Vi skal byta på å fiska. Medan Eyvind står og fiskar skal eg laga mat og omvendt. Eg reknar med at det blir eg som lagar det meste av maten, sidan Eyvind har fått ansvar for Tuk-Tuken.

Vaksne må betala dobbelt opp

Som om ikkje konseptet er spanande nok i seg sjølv, har dei to kokkane endå eit lurt triks på lager for å trekkja til seg kundar.

- Barnemenyen plar vera rimelegare, og på ein del restaurantar kan til og med born få gratis is og liknande. Hos oss blir det redusert pris for vaksne mellom 18 og 67 år, medan born, ungdom og pensjonistar må betala dobbelt opp. Vi trur dette er ein vri som vil syta for stødig kundestraum.

Uteservering utan tak

Frank trur at sommaren vil vera den mest innbringande sesongen for sjarken. Likevel har dei to kokkane blitt einige om å driva restauranten året rundt.

- Sidan kjøkenet sjølvsagt må vera inne i sjarken, vil det ikkje vera rom for bord og stolar der. Difor må kundane eta "utandørs". Vi har ikkje rom i budsjettet til tak, i alle fall ikkje no i oppstarten. Difor vil vi ha paraplyar tilgjengeleg om det er dårleg vêr. Og du veit kva dei seier, det fins ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede, seier Frank med glimt i auga.