Mogleg forsøk på innbrot: Ein mann skal ha blitt oppdaga då han forsøkte å ta seg inn ei dør til ei verksemd. Vedkomande skal ha blitt skremt bort.

Oppdaga mann som skal ha forsøkt å ta seg inn ei dør til verksemda

Personen skal ha blitt skremt bort.

Rett før klokka ti onsdag, fekk politiet melding frå ei tilsett ved ei bedrift, som hadde oppdaga ein person som skal ha forsøkt å koma seg inn ei dør til verksemda.

— Personen blei skremd og fekk ikkje med seg noko, opplyser politioverbetjent Knut Magnus Fjeld i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv Fjeld at dei har fått inn følgjande skildring av mannen: Om lag 180 cm høg med lys grøn jakke.

Onsdag kveld i halv åttetida, blei det meld om eit jordras over veg ved Moldadalen. Dette skal ha sperra halve vegen. Vegtrafikksentralen skal ha blitt varsla, og dei skal ha vurdert at det ikkje var naudsynt med politi på staden, ifølgje Fjeld.