Anna Skåthun Epland (17) går TAF-helse og tek ansvar for skjelettet, medan Jarle Frimannslund (18) tek TAF-marin og tek seg av akvariefisken ved Fusa vidaregåande.
Anna Skåthun Epland (17) går TAF-helse og tek ansvar for skjelettet, medan Jarle Frimannslund (18) tek TAF-marin og tek seg av akvariefisken ved Fusa vidaregåande.

Oppdrett før idrett

Jarle Frimannslund (18) vurderte toppidrett. Istaden blei det fiskeoppdrett og eit knallhardt studieløp. Han har ikkje angra eitt sekund.

- Det var ganske tilfeldig at eg havna her i Fusa på TAF-marin. I arbeidsveka møtte eg ein som gjekk TAF (teknisk, allmennfagleg utdanning, journ. anm.) og anbefalte det veldig. Dermed tok eg eit val om å ha fisk som jobb og sykkel som hobby, og ikkje omvendt.

For omvendt kunne det godt vore.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sykling var nemleg ein stor og altoppslukande aktivitet. Han trente mange timar i veka og konkurrerte i tillegg. Å satsa på toppidrett kunne vore naturleg. Istaden valde han syklinga heilt bort. Frimannslund er heller ingen fersking på fiskeoppdrett.

Han har drive med akvariefisk heile livet, og vart junior-noregsmeister i oppdrett av akvariefisk i 2012 og tok ein tredjeplass i 2013.

Fisken og framtida vann.

- Fantastisk løp

- Det er eit val eg ikkje angrar på. Det er tungt og hardt, men eit fantastisk løp der vi får unna seks års skulegang på fire år.

Om to og eit halvt år når han er ferdig på skulen har han fått med seg studiekompetanse med fordjupning i matte, kjemi og fysikk, samt fagbrev i akvakultur. I tillegg har han med seg fire års arbeidserfaring i bedrift.

- Eg arbeider i Marine Harvest i Øygarden, som er verdas største oppdrettsbedrift. Der er vi ein koseleg gjeng på to lærlingar, fire fast tilsette og sjefen.

Jarle kan fortelja at interessa for fisk og oppdrett også er arveleg belasta med både ein far og ein onkel som er marinbiologar i oppdrettsbransjen.

Rektor ved Fusa Vidaregåande, Tor Johannes Hjertnes, synest TAF er litt av eit kinderegg av ei utdanning å kunna tilby elevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er eit komprimert og krevjande løp. Ein må jobba mykje og samtidig ta ei utdanning ved sida av. Men det er einestaåande å få den gode arbeidserfaringa, med fire år i bedrift, ved sida av å få både fagbrev og studiekompetanse på berre fire år.

Han fortel at omlag halvparten som går TAF blir verande i verksemda dei har jobba i etter endt utdanning. I alle fall ein periode før dei eventuelt går vidare. Medan andre halvparten går rett vidare til høgare utdanning, for eksempel forskjellige ingeniør- eller helseutdanningar.

- Fisk er framtida

Attenåringen Jarle er heilt sikker på at det er fiskeoppdrett han vil driva med.

- Ja, dette er framtida! Næringa har no gått forbi oljenæringa. Sist veke var ein laks verdt meir enn eitt fat olje.

Syklinga har han blitt nøydd til å leggja på hylla.

- Det vart ikkje tid til å driva med det. Skulen er så krevjande, og eg pendlar mange mil kvar veke.

Han er oppvaksen i Åsane der han bur med familien sin. Så går han på skule i Fusa, og har hybel der dei dagane han er på skulen. Og i tillegg er det jobben i Øygarden. Det er store avstandar mellom dei tre plassane der han bruker mykje av tida si.

- Det meste eg har vore oppe i var 98 mil i pendling på ei veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen tvil om at det krevj disiplin av ungdomen då.

For å løysa logistikken måtte Jarle skaffa seg lett motorsykkel. Buss tok for mykje tid.

- Eg sparer 8-12 timer i veka på å køyra sjølv, seier han.

Han innrømmer at han har eit travelt og annleis liv enn dei fleste på same alder.

- Sånn er det, vi har tre dagar i veka på å fullføra to ulike skuleløp. Det må bli hardt. Men eg liker det, sjølv om matten er tung.

Jarle er usedvanleg positiv, og sit heile tida med eit stort smil medan han fortel om den hektiske kvardagen sin.

- Det går veldig fint altså. Dessutan får vi pengar for å gå på skulen. Det er ikkje mange som er så heldige heller. Dette er einaste linja der det er slik.

Blir meir kjent

I Noreg er det 10 skular som har TAF-utdanninga. Av dei ligg to i Hordaland - Knarvik og Fusa vidaregåande.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fusa er einaste skulen som har TAF-Marin, seier Jarle.

Ingen av kompisane hans hadde høyrd om TAF då han søkte.

- Det byrjar bli meir kjent no.

Jarle meiner ein ikkje bør søkja TAF om ein ikkje tåler lange dagar og mykje arbeid.

- Det er nok det hardaste skuleløpet du kan velja.

På Fusa vidaregåande er det to dager i veka i bedrift dei to første åra på TAF, og tre på skulen. Dei siste to åra er det omvendt.

Skulen har tre forskjellige retningar innan TAF.

TAF-Helse, TAF-Marin og Teknikk og industriell produksjon (TIP).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi prøver å tilpassa oss dei lokale næringane, og samarbeider godt med mange lokale aktørar. Frank Mohn har sjølvsagt vore eit lokomotiv her, men også mange mindre verksemder er viktige for TAF-utdanninga, seier Tor Johannes Hjertnes.

Jarle er veldig glad for å få jobba ved sidan av skulen. Ofte tek han ei helgevakt om sjansen byr seg.

TAF-elavane følgjer ikkje den vanlege skuleruta. Dei har som alle andre arbeidstakarar fem vekers ferie dei kan ta ut når dei vil i løpet av året.

Frå TAF mot legedraumen

Anna Skåthun Epland (17) frå Vinnes tek også TAF-utdanning ved Fusa vidaregåande. Ho har valgt TAF-helse, for ho drøymer om å studera medisin.

- Eg såg dette som ein god moglegheit til å få erfaring innan helse, som helsefagarbeidar. Det stod mellom det og gymnaset eller studiekompetanse med formgjevingsfag.

Anna går andre året og jobbar i år innan tiltak for funksjonshemma i Fusa kommune. Første året var ho ved sjukeheimen, neste år blir det innan heimesjukepleien og fjerde året skal ho vera på Haukeland Universitetsjukehus.

Jobb var noko nytt

- Eg er tilsett i Fusa kommune som lærling, seier ho.

Anna liker kombinasjonen med å få gå både på jobb og skule i løpet av veka. Men overgangen frå ungdomsskulen til TAF var litt overraskande.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Første året lærte eg meg å verdsetja skulen endå meir, for det var så godt å koma tilbake til det kjente miljøet. Jobbsituasjonen var så ukjent for meg.

Etter eitt år har ho blitt vant til begge delar og funne seg godt til rette.

- No slappar eg faktisk meir av i jobbsituasjonen. Det er veldig mykje som skjer dei dagane vi er på skulen, med prøvar og så vidare. Så på jobb føler eg meg meir avslappa.

God førebuing

Ho trur det kan vera lettare å gå eit hardt skuleløp når kvardagen blir delt mellom jobb og skule.

- Ja, det blir eit slags avbrekk, men samtidig må vi jobba mykje med lekser etter jobb også, så vi kan ikkje slappa av. I alle fall om ein vil gjera det bra, så er det mykje lekser.

Sidan TAF-elevane har færre skuletimar enn dei som tek tilsvarande fag, blir det behov for ein del sjølvstudie.

For henne blir det ei god førebuing til medisin som også er eit hardt studie, med mykje lesing.

- Samtidig er det lett for at TAF blir framstilt som eit studieløp der berre flinke elevar går. Men det er ikkje nødvendigvis berre sånn altså. Det som derimot er felles for oss som går her, er at alle veldig gjerne vil gjera ein innsats, medan det gjerne er meir blanda på ungdomsskulen.

Målretta

Anna er glad for å sleppa ferja og lang reise.

- Det er flott at ein såpass liten plass som Fusa har ein så god skule. Eg er veldig glad eg slepp reisa langt, og i tillegg har eg foreldre som jobbar i Eikelandsosen, så eg kan få skyss.

Ho skryter av både skulen og skulemiljøet.

Det einaste delvis negative ho kjem på med TAF er at det blir lite tid til å dyrka det sosiale livet utanfor klasserommet med medelevane.

- Eg sa veldig tidleg at eg ville bli lege. Alt då eg var sju år. Eg drøymde om å bli skodespelar, men om eg skulle vera realistisk, forstod eg at det måtte bli lege, og i 10. klasse bestemte eg meg.

Anna er glad for å ha eit sånt mål.

- Eg trur det blir lettare å jobba målretta då, når eg veit kva som krevst for å koma inn på medisin.

Kva er TAF?

Forkortinga TAF står for teknisk, allmennfagleg utdanning og er eit 4-årig utdanningsløp som fører fram til fagbrev samtidig som eleven får studiekompetanse, med fordjupning innan fag som er eit krav for å søkja seg vidare på høgare utdanning som er naturleg etter det enkelte løpet. Som for eksempel dei faga ein treng for å søkja seg inn på ingeniør, eller tannlege, medisin, og så vidare. I tillegg får elevane ved TAF fire års jobberfaring.