Takkar for samarbeidet: Brannsjef i Bjørnafjorden brann og redning, Espen Storum (t.v.) ønskjer å takka innbyggjarane for forståing og godt samarbeid i perioden med ekstraordinært bålforbod. Varabrannsjef Erik Walden til høgre.

Opphevar det ekstraordinære bålforbodet. Kjem samstundes med påminning

Gjeld frå i dag klokka 12.00.

I ei pressemelding opplyser brannsjef ved Bjørnafjorden brann og redning, Espen Storum, at opphevinga skjer grunna redusert brannfare i terrenget.

Det betyr at frå tysdag 27. juni klokka 12 er det igjen lov å tenna eld og grilla på kommunen sine tilrettelagde bål- og grillplassar, i offentleg tilgjengelege parkar og friluftsområde, og dessutan på tilrettelagde badeplassar, der ikkje andre reglar gjeld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannsjefen minnar samstundes alle innbyggjarar om at skogbrannfaren no er liten, men at det generelle bålforbodet framleis gjeld. Dette betyr at det er forbode å tenna eld i eller nær skog og annan utmark i perioden frå 15. april til 15. september.

— Vi oppmodar alle til å vera merksame og ta nødvendige, førebyggjande tiltak for å unngå brannar, skriv brannsjefen, som også vil takka innbyggjarane i Bjørnafjorden for forståinga og samarbeidet i perioden med det ekstraordinære bålforbodet.

— Dykkar bidrag har vore avgjerande for å redusera risikoen for brann og sikra tryggleiken til lokalsamfunnet vårt. Saman kan vi halda våre omgjevnader trygge og brannfrie, skriv han.