Joker Søfteland har vore utsett for innbrot fleire gonger. Her frå 2015. (Arkiv
Joker Søfteland har vore utsett for innbrot fleire gonger. Her frå 2015. (Arkiv

Oppklarte to butikktjuveri på ein dag

Snus og sigarettar vart teke frå Joker Søfteland, øl frå Rema 1000. Torsdag vart tjuvane pågripne.

Natt til 15. februar tok tjuvar seg inn på Joker Søfteland og tok det som var av snus og sigarettar. Politiet kjenner til at det har vore to personar som samarbeidde, og torsdag kunne ei pågripa den eine av dei.

- Det er ein mann i 20-åra som ikkje er frå Os. Han har vore på gjennomreise, og har vore i lag med ein person til som me foreløpig er litt usikre på kven er, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den pågripne har tilstått forholdet, og det vart også funne tjuvegods heime hjå han.

- Det er ingenting som tyder på at dette er noko organisert. Her snakkar me om eit tilfeldig innbrot, seier Dyrdal.

Tok øl frå Rema 1000

Torsdag fann også eit nytt tjuveri stad, denne gongen på Rema 1000 (Kuven stasjon).

- Det er ingen samanheng mellom denne og saka på Søfteland. Her fann me ganske snart ut at det dreidde seg om nokre lokale personar. Me fekk gode tips å gå etter frå butikken, som gjorde at me snart greidde å spora dei opp, seier Dyrdal.

Det er tre personar som er mistenkte for forholdet.