Hindra spreiing: Bjørnafjorden kommune oppmodar innbyggarane til å unngå unødvendige reiser til Bergen dei neste 10 dagane, for å hindra smittespreiing.

Oppmodar om å unngå unødvendige reiser til Bergen dei neste ti dagane

Like før klokka 11.30 onsdag kom kriseleiinga i Bjørnafjorden kommune med følgjande råd og retningslinjer i høve til smitteutbrotet i nabokommunen Bergen.

Bjørnafjorden kommune oppmodar innbyggarane til å unngå unødvendige reiser til Bergen dei neste 10 dagane, for å hindra smittespreiing.

Dersom du jobbar i Bergen, oppmodar kommunen deg til å bruka heimekontor, så langt det er mogleg. Dersom du må reisa til Bergen med kollektivtransport, tilrår kommunen bruk av munnbind dersom du ikkje kan halda éin meters avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse tilrådingane frå kriseleiinga i Bjørnafjorden kommune gjeld frå og med 9. september til og med fredag 18. september:

Her er råda frå kommunen

• Vi oppmodar alle innbyggarar som jobbar i Bergen om å bruka heimekontor så langt det er mogleg.

• Vi oppmodar til å unngå unødvendige reiser inn til Bergen og unngå plassar der mange folk er samla.

• Dersom du likevel må til Bergen med kollektivtransport, tilrår vi bruk av munnbind dersom det ikkje er mogleg å halda éin meters avstand.

• Etter rådføring med Folkehelseinstituttet, har Bjørnafjorden kommune avgjort å følgja dei nasjonale reglane for arrangement og private tilstellingar, og ikkje Bergen kommune sine innskjerpingar.

• Alle kommunalt tilsette i Bjørnafjorden kommune som bur i Bergen, skal så langt det er praktisk mogleg ha heimekontor. Er du i tvil, avtal med næraste overordna.

• For alle andre kommunalt tilsette i Bjørnafjorden kommune, gjeld dagens praksis med oppmøte på arbeidsstad som hovudregel.

• Dette vil òg ha nokre konsekvensar for besøksrutinane ved sjukeheimane våre. Vi kjem tilbake med meir informasjon.