Oppmoding: - Vi forstår at dette kan gje utfordringar for innbyggarane i Bjørnafjorden kommune, men ber om at helsepersonell gjer alt dei kan for å koma på jobb.

Oppmodar på det sterkaste om at helsepersonell gjer alt dei kan for å koma på jobb

Kommunedirektøren kjem med oppmoding i høve stenginga av skular og barnehagar.

Kommuneleiinga har i dag, torsdag 12. mars, vedtatt med heimel i smittevernlova §4-1, pkt b å stengja skular og barnehager. Skulane blir stengde frå og med fredag 13. mars, barnehagar frå måndag 16. mars. Stenginga gjeld både kommunale og private skular og barnehager. Stenginga gjeld inntil vidare, heiter det i ei pressemelding frå kommunen.

Les også
Bjørnafjorden kommune stengjer alle skular frå fredag av

– Vi har nytta formiddagen til å vurdera dette. Når Bergen og Oslo kommuner, og også Vestland fylkeskommune no stengjer sine skular og barnehagar, er det ingen grunn for oss å gjera noko anna. Eg har difor fatta vedtak om at skulane i Bjørnafjorden kommune blir stengde frå fredag 12. mars og barnehagane frå måndag 16. mars, seier kommunedirektør Christian F. Fotland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunngjevinga for stenginga er det spreiingspotensialet koronaviruset har. Stenginga blir gjort etter eit førevar-prinsipp.

- Det er viktig å understreka at det ikkje er grunnlag for uro. Vi gjer dette for å førebyggja.

- Vi forstår at dette kan gi utfordringar for innbyggarane i Bjørnafjorden kommune, men ber om at helsepersonell gjer alt dei kan for å koma på jobb. Dersom det er foreldre kor ein av partane er helsepersonell, oppmodar vi på det sterkaste at den andre er heime med borna, seier kommunedirektøren.

Les også
Stengjer alle vidaregåande skular

Dette er informasjon om tiltak/restriksjonar som gjeld for og har gått ut til dei tilsette i Bjørnafjorden kommune:

«Innføring av heimekontor

Vi oppmodar leiarar til å vurdera om tilsette kan jobba heimefrå. Du treng ikkje heimekontor for å jobbe i e-post, word, excel m.v.

Kantiner

Kantina på Bjørnafjorden rådhus, Luranetunet, Fusa bu- og behandlingssenter og eventuelt andre kantiner blir stengt for opphald. Kantinene sel mat som normalt, men i enkeltporsjonar. Desse må du ta med tilbake på kontoret. Folk skal ikkje samlast i kantina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møte

Fysiske møte skal i størst mogleg grad unngås. Spesielt gjeld dette om møtet omfattar personar frå fleire område utanfor kommunen. Møte skal i hovudsak gjennomførast elektronisk via skype/teams eller tilsvarande. Møtearrangørar kan kalle inn til slike via nettløysing.

Om du likevel må gjennomføre eit fysisk møte, skal dette skje i rom som er så store at det er minst éin meter mellom kvar møtedeltakar for å unngå eventuell smitte.

Politiske møte vil i størst mogleg grad bli avlyst.

Reiser/konferanse/kurs

Tilsette i Bjørnafjorden kommune skal ikkje reisa på kurs/konferanse/møte. Eventuelle unntak må vurderast særskilt av kommunalsjef for ditt område.

Ferie

Tilsette i Bjørnafjorden kommune som har planlagt feriereiser til utlandet, bør halda seg heime. Einingsleiar kan etter vurdering inndra godkjent ferie dersom det er risiko for at eininga kan få eit kapasitetsproblem om ferien blir avvikla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reinhald av kommunale bygg/arbeidsplassar

Reinhaldet skal aukast. Særleg viktig er det at dørhandtak og flater som blir berørt ofte/av mange blir reingjort hyppig».