Os kommune får til saman 84 mill. kroner i mindreforbruk.
Os kommune får til saman 84 mill. kroner i mindreforbruk.

Oppsiktsvekkjande godt driftsresultat

Driftsrekneskapen synet ca. 52 mill. i overskot. Dette saman med 32 mill. i pluss på SIO-prosjektet, gjev kommunen historiske 9,4 prosent i resultatgrad.

Rådmann Christian Fotland er svært nøgd over tala han i dag kan presentera.

– Eg er utruleg nøgd med resultatet. Ikkje berre har me eit mindreforbruket på 51, 9 mill. kroner, som er nærrekorden vår. Men me har også 32 mill. kroner i pluss på SIO-prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til saman er me oppe i eit mindreforbruk på 85 mill. kroner. Det gjev oss ei resultatgrad på 9,4 prosent. Det er fantastiske tal, seier rådmannen.

Skryt av dei tilsette

Alle tenesteområda leverer resultat i pluss, men i første rekkje er det skatteinntekter som gjev Os kommune det gode resultatet. Dernest blir det peikt på at utgiftene til pensjon er blitt lågare enn budsjettert, og ein har dessutan ei grei avkastning på finansporteføljen. SomOs og Fusaposten skreiv sist veke, fekk kommunen ei avkastning på 14,3 mill. kroner.

– Nokre av beløpa kan ikkje me påverka i særleg grad, men det mest gledelege her er at alle einingane leverer. Det viser at dei er lojale og stolte av å jobba i Os kommune, seier Fotland.

I utgangspunktet var det budsjettert med eit overskot på 13, 8 mill. kroner for 2017.

Vil tilrå avsetjing på fond

På vårparten vil politikarane få rekneskapsavslutninga til behandling i kommunestyret.

– Tradisjonen tru vil politikarane få vera med og seia noko om korleis me skal disponera overskotet. Men mi klare tilråding er me set midlane av på investeringsfond, slik at me kan bruka dei på framtidige investeringar som me veit kjem, seier Fotland.

ol@osogfusa.no