Ordførarane grillar kvarandre live
Kan vi stola på ordførarane i Os og Fusa? Under Os&FusaTV sitt talkshow laurdag får vi truleg svaret, når dei to let seg testa med løgndetektor.
- Dette seier litt om kor sporty ordførarar vi har. Eg synest det er sprekt at begge to tok utfordringa på strak arm då vi spurte dei, seier Os & Fusaposten sin journalist Kenneth Svenningsen.
Saman med kollega, Ole Reinert Berg-Olsen, skal han leia TV-showet som innleier den årvisse bryggedansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei to kom opp med ideen om å la Terje Søviknes (Frp, ordførar i Os) og Atle Kvåle (Ap, ordførar i Fusa) stilla kvarandre fem spørsmål medan dei er kopla til ein løgndetektor.
- Dette har aldri vore gjort før, seier ein spent Berg-Olsen.
- Enten får vi sanninga, ellers får vi sjå kven som er best til å lyga, meiner Svenningsen.
Spørsmåla har ordførarane fått fridom til å utforma sjølve.
- Så det blir jo spennande å sjå kor tøffe dei er på å utfordra kvarande, seier Svenningsen med eit lurt smil.
Vil ha med publikum på shanty
Dei to programleiarane vil ikkje avsløra heile programmet for kvelden no - men noko vil dei ut med.
- Det blir shantysong. Det må det vera når det er seglskute i Os, seier Berg-Olsen. Som håper publikum stemmer i.
- Målet vårt er at publikum skal få lyst å vera med på noko av det som skjer, legg makkar Svenningsen til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eller sidemann, får ein gjerne kalla det.
- Ole blir den som leier det heile frå scenen, medan eg kjem til å vera ute blant publikum som utegåande reporter.
- Kenneth skal laga liv, smiler Berg-Olsen.
Showet blir filma og sendt på mange storskjermar om bord i statsråden og på kaia. Så alle dei 850 publikummarane skal få det med seg.
- I tillegg blir det lagt ut på nettsida til Os&FusaTV etter kvart, røper Berg-Olsen.
Han synest likevel dei som kan bør koma og oppleva det live, for å få med seg stemninga under lokalavisa sitt første live talkshow.
Stuper frå statsråden
Av anna spennande som skjer under sendinga nemner dei to programleiarane stuping frå statsråden, med spesialinnhyra dommarpanel.
- Vi er ikkje noko gode til å bedømma stuping, så vi har henta inn to kompetente dommarar til oppdraget, seier Svenningsen lurt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eirik Søfteland kjem også og skal gjera noko utanom det vanlege, fortel Berg-Olsen.
Konkurransar, filminnslag og fleire overraskingar eit sommarshow verdig, blir det også. I tillegg lovar dei spennande gjester og intervjuobjekt, men vil ikkje røpa kven.
- Dei som kjem får sjå, er mantraet.
- For å ha det gøy
Ideen til talkshowet under bryggedansen var det Berg-Olsen som kom opp med saman med Os & Fusaposten sin redaktør Jostein Halland.
- Vi ville skapa noko som ikkje er gjort her før, fortel Berg-Olsen.
Det nærmaste ein kjem noko liknande er då NRK vitja Os med direktesending frå sommarbåten sin.
Forskjellen er at det denne gongen er eit show der lokale krefter står bak.
- Vi tek i bruk både scenen og statsråden, forklarer Svenningsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kvifor ville de gjera dette?
- For å ha det gøy, kjem det kontant frå Berg-Olsen.
Svenningsen legg til at arrangøren av Bryggedansen, Os kommune, hadde ytra eit ønske om å utvida repertoaret frå fjoråret.
- Skikkeleg fest
Midt på dagen tysdag er talet på selde billettar oppe i 500, kan ordførar Terje Søviknes opplysa.
- Vi har sett eit tak på 850 til maten på grunn av matbestillinga. Det blir ein skikkeleg fest dette, skriv han i ein SMS.
- Folk kjem ikkje til å oppleva det som sild i tønne. Det har mellom anna med tryggleiken å gjera, forklarer Berg-Olsen.
Yr.no melder bra vêr for dagen og kvelden. Førebels fristar dei med sol og kring 15 varmegrader på kvelden.
- Men det er lurt å ta med seg ein varm genser, for det kan bli litt kald trekk frå nord, formanar Berg-Olsen.