Strikk til ein heilt fersk bjørnafjording: Ordførar Trine Lindborg (Ap) starta på strikkeprosjektet i romjula.

Ordføraren ventar spent på den første bjørnafjordingen

Ordførar Trine Lindborg (Ap) har gjeve seg i kast med strikkearbeidet, medan ho ventar spent på at den første bjørnafjordingen skal koma til verda.

Lindborg strikkar lue og skjerf til den første nye borgaren i den nye kommunen.

– Eg har lyst til å visa den førstefødde i den nyfødde kommunen vår litt ekstra merksemd, difor sette eg i gang med dette prosjektet i romjula, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den første bjørnafjordingen er enno ikkje fødd (så vidt Bjørnafjorden kommune er kjent med), så ordføraren har heilgardert, og strikkar både blått og lilla.

– Vi gler oss til å ønskja den første bjørnafjordenbabyen velkomen, går det fram av pressemeldinga i frå Bjørnafjorden kommune.