Orienterte om vaksineringa i kommunen: Dette seier dei om vinterferie-veka

Du treng ikkje testa deg før du reiser på hytta, men dersom du er sjuk, skal du halda deg heime.

Det var meldinga frå kommuneoverlege Klaus Melf under torsdagens orientering om vaksineringa i Bjørnafjorden.

– Det er også tilrådd at ein ikkje deltek på arrangement i andre kommunar, og unngår for mykje kontakt med folk i andre kommunar, la Melf til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er heller ikkje noko regel om at ein skal testa seg etter at ein har vore på ferie, men dersom ein har vore i område med utbrot, skal terskelen vera låg for å testa seg.

Nøgde med opplegget

Melf og ordførar Trine Lindborg kunne elles nøgd konstatera at vaksineringa fungerer godt.

Kommune får nye vaksinedosar om måndagar og tysdagar. Så langt har difor onsdag vore fast vaksinasjonsdag.

– Det har fungert veldig bra. Dei få gongene dei som er kalla inn, ikkje har møtt, har vaksineteamet ringd desse opp. Har ein likevel ikkje lukkast i få tak i dei den dagen, har andre blitt kalla inn. Ingen vaksinedosar har gått til spille, sa Melf torsdag.

Slik fungerer innkallinga

Melf og Lindborg uttrykte samstundes forståing for at det kan vera forvirrande å få med seg når og korleis innkallinga føregår.

– Det er difor det er så viktig at me kjem ut med så mykje informasjon som mogleg, konstaterte Lindborg.

Kommunane har litt ulik praksis for korleis ein gjennomfører innkallinga og vaksinasjonen. I Bjørnafjorden er det slik at alle får ein sms med ei lenke til innkalling når det er deira tur. Dersom nokon ikkje responderer på sms´en, blir dei oppringt av vaksineteamet.

– På den måten har vi - med få unntak - fått tak i alle, sa Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ta kontakt!

Lindborg oppmoda samstundes dei over 83 eller deira pårørande som ikkje har fått innkalling enno, om å tak kontakt slik at ein kan få gjennomførd vaksineringa.

– Dette gjeld også om ein har takka nei til vaksinen i fyrste omgang, men har ombestemt seg. Då er det berre å ta kontakt med vaksinetelefonen, slik at ein kjem inn på lista. Det er framleis mogleg å få vaksine for desse, understreka Lindborg.

Ho oppmoda elles alle om å ta i bruk nettsida til kommunen der det ligg svar på fleire spørsmål kring vaksineringa.

Fastlegens rolle

Melf avklarte også rolla til fastlegane når det kjem til vaksinering. I ein del kommunar er det fastlegane som står for all vaksineringa.

– I Bjørnafjorden er det derimot vaksineteamet som per no utfører vaksineringa. Me har avtale med fastlegane om at dei kjem inn i biletet når me startar på vaksineringa av dei under 65 år, forklarte Melf.

For dei under 65 år, treng kommunen fastleganes hjelp til å kartleggja kven som har høg eller moderat risiko for alvorleg sjukdomsforløp, og følgjeleg skal prioriterast i denne gruppa.

For alle over 65+ skjer vaksinasjonen uavhengig av andre diagnosar ein måtte ha. Kommunen held no på med vaksinering av aldersgruppa 79+.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når ein kjem til dei under 65 år, har me avtale om at fastlegane vil ta seg av vaksineringa, Eventuelt vil fastlegane overføra lista over pasientar i risikogruppa til vaksineteamet, og teamet vil utføra vaksineringa også for desse, opplyste Melf.

– Uansett er det ingen som treng eller skal ringja fastlegen om vaksinering. Alle vil bli kontakta når det er deira tur til å bli vaksinert. Det er viktig at fastlegane ikkje vert nedringde med spørsmål om vaksinering, understreka kommuneoverlegen.