Dyrepleiarstudent Cathrine Marie Daviknes i full sving med flyttesjauen.
Dyrepleiarstudent Cathrine Marie Daviknes i full sving med flyttesjauen.

Os dyreklinikk på flyttepot

Heretter lyt potar, klør og hovar ta turen til Os dyreklinikks nye lokaler på Hjelle for helsehjelp.

Det luktar sagflis og maling i Os dyreklinikks 450 kvadrat store lokale i Hjellevegen. Veterinær og dagleg leiar Eva Kristin Lunde er glad for å ha flytta frå trange og gamle lokale i Landboden i Os sentrum.

- Det blir utruleg godt å få meir plass. Ikkje minst vert det ekstremt mykje lettare for hestekundar. Fram til no har eg stort sett måtta reist ut på gardane, men no kan dei enkelt koma seg hit, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag

Det aular av rørleggarar, tømrarar og andre handverkarar i dei nye lokala. Ein god del opprydding står att. I tillegg er ikkje garderobar og hestemottak heilt klart.

Likevel jobbar dei åtte tilsette ved dyreklinikken på spreng for å få opp hyller, plassera varer og gjera alt klart til å ta imot dei fyrste smådyrkundane torsdag.

- Fram til då må kundane ta turen til andre dyreklinikkar, men vi svarar på telefon, altså, seier Lunde.

Med 450 nyoppussa kvadratmeter er arealet nesten dobla i høve til dei gamle lokala i Landboden.
Med 450 nyoppussa kvadratmeter er arealet nesten dobla i høve til dei gamle lokala i Landboden.
Ein sliten, men glad veterinær Eva Kristin Lunde.
Ein sliten, men glad veterinær Eva Kristin Lunde.

Det var meininga at dyreklinikken skulle ha flytta til Hjelle for fleire månader sidan, men flyttinga har vorte stadig utsett.

- Det er ikkje så mykje anna å seia enn at ting tek tid. Det veit alle som har vore i ein byggjeprosess, sukkar Lunde.

Trøytt

Sjølv om no er glad for å ha kome i nye lokale, vedgår ho at det har vore ein særs hektisk haust med lite søvn og knallhard jobbing.

- Vert det snartleg innflyttingsfest eller skal du heim og sova?

- Det blir innflyttingsfest, men ikkje før etter nyttår. Vi er rett og slett ikkje heilt klare til å seinka skuldrane og heva glaset, smiler ho.