Dei ferske opplagstala frå Landslaget for lokalaviser (LLA) og MBL viser ein framgang på 0,5 prosent for Os & Fusaposten i 2017. Det utgjer 23 nye abonnentar på papir og 71 nye digitale abonnentar.
Dei ferske opplagstala frå Landslaget for lokalaviser (LLA) og MBL viser ein framgang på 0,5 prosent for Os & Fusaposten i 2017. Det utgjer 23 nye abonnentar på papir og 71 nye digitale abonnentar.

Os & Fusaposten aukar opplaget: - Svært gledeleg utvikling

I dag vart opplagstala for norske aviser offentleggjorde. Os & Fusaposten kan visa til oppgang i 2017.

- Me er svært glade og takksame for alle nye abonnentar som er komne til i løpet av det siste året. Dette er ei svært gledeleg utvikling for lokalavisa, seier redaktør Jostein Halland.

Dei ferske opplagstala frå Landslaget for lokalaviser (LLA) og MBL viser ein framgang på 0,5 prosent for Os & Fusaposten i 2017. Det utgjer 23 nye abonnentar på papir og 71 nye digitale abonnentar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sjølv om det er små marginar, er det veldig gledeleg å vera på plussida. Det gjev ekstra motivasjon til å halda fram arbeidet med avisa, og syta for at me lagar saker som er relevante for lesarane våre. Dette gjeld både dei tyngre, meir omfattande sakene, som me vonar framleis vil utløysa betalingsvilje hos våre lesarar, og dei meir reportasjeprega sakene frå alt det kjekke som skjer i dei to kommunane våre, seier Halland.

Os & Fusaposten er ei av fire aviser i Hordaland som kan visa til oppgang i opplagstala på papir i 2017.

- Det viser at våre lesarar ynskjer både papir og nett. Vonleg er dette noko som også kan koma annonsørane våre til gode, som då kan sikra seg ekstra god eksponering, seier Halland.

Ekstra gledeleg synest redaktøren det er at avisa samstundes kan visa til digital framgang.

- Det viser at den satsinga me gjer på nett ser ut til å betala seg. Gjennom samarbeidet med Agderposten har me fått eit langt større fokus på og tilgang til kompetanse som sikrar ei kontinuerleg utvikling av nettsida med stadig nye innslag, og ikkje minst lesaranes brukaroppleving på osogfusa.no.

Målet for 2018 er å halda på den positive utviklinga frå fjoråret.

- Det er som sagt små marginar, og me må bruka desse tala som motivasjon til framleis å vera på «tå hev». For å få det til, vonar me lesarane våre ikkje kvir seg for å koma med tilbakemeldingar på jobben me gjer, slik at me kan sikra at me i størst mogleg grad treffer på prioriteringane våre, avsluttar Halland.