Fra venstre Herman Schjerve, Tore Vikan, Ole-Tommy Pedersen, Tomas Bruvik, Karen Helland Velure, Trude Hiller, Geir K. Hus, Ola Stave, Embrik Luksengard, Bente Strømodden, Herman Tandberg, Jostein Halland, Lars Kristian Seierstad og Geir Håbesland.
Fra venstre Herman Schjerve, Tore Vikan, Ole-Tommy Pedersen, Tomas Bruvik, Karen Helland Velure, Trude Hiller, Geir K. Hus, Ola Stave, Embrik Luksengard, Bente Strømodden, Herman Tandberg, Jostein Halland, Lars Kristian Seierstad og Geir Håbesland.

Os & Fusaposten er plukka ut til landsomfattande innovasjonsprosjekt for framtidas lokalaviser

Landslaget for lokalaviser (LLA) har sett i gang eit større innovasjonsprosjekt for å møta folks endra medievanar på ein endå betre måte.

Denne veka var lokalavisene som er med i prosjektet, samla på Gardermoen. Målet med denne og ytterlegare tre samlingar til er å arbeida fram nye og innovative måtar å tenkja avis på.

- Me synest det er veldig kjekt å vera ei avisene som er plukka ut til å delta i dette prosjektet. Gjennom dette arbeidet håpar vi at Os & Fusaposten og dei andre lokalavisene skal bli endå betre digitalt og stå endå betre rusta for å møta framtidas lesarvanar. Etter at prosjektperioden er over er målet å stå att med konkrete verktøy til å betra lesaranes oppleving av lokalavisa på nett, seier redaktør i Os & Fusaposten, Jostein Halland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innovasjonsarbeidet er støtta av Design og arkitektur Norge (DOGA). Over fem samlinger og feltarbeid gjennom heile året, skal det framskaffast ny innsikt frå avislesarane som skal hjelpa på vegen mot betre lokalaviser.

I LLA og DOGAs innovasjonsarbeid deltar Sør-Varanger Avis, Steinkjer-Avisa, Hallingdølen og Stangeavisa, i tillegg til Os & Fusaposten. Frå LLA deltar Tomas Bruvik og Geir K. Hus.

Fagleg ansvarleg for innovasjonsprogrammet er Geir Håbesland, Herman Tandberg og Knut Ankjell i Brandgarden og Ogle Noor. Arbeidet skal avrundast før jul.

Karen Helland Velure, marknadsleiar, i Os og Fusaposten formidlar korleis ungdommen vil ha lokalavisa si, etter besøk på Os vgs.
Karen Helland Velure, marknadsleiar, i Os og Fusaposten formidlar korleis ungdommen vil ha lokalavisa si, etter besøk på Os vgs.

LLA er også i gang med ei lyd og bilete-satsing, der lokalavisene eksperimenter med å gje lokalt, journalistisk innhald på digitale plattformer og i nye innpakningar. Det er med innovasjonsmidler frå regjeringa og Medietilsynet at LLA kan ta eit slikt innovasjonsløft.

– Eg er overtydd om at folk framleis vil betala for truverdig og god, lokal journalistikk. Det handlar jo om å ha lokalaviser som bidrar til debatt og eit levande lokaldemokrati – og som bryr seg om folks liv i nærmiljøa landet rundt. Samtidig må vi passa på å utvikla både papirutgåvene og digitale plattformer på ein slik måte at vi framleis er relevante for alle generasjonar. Den jobben skal vi klara, seier LLAs Tomas Bruvik.

PS: Som ein del av innovasjonsprosjektet vil me gjerne høyra kva våre lesarar meiner om morgondagens lokalavis og korleis den bør vera. Korleis ser du for deg at lokale nyhende vert formidla i framtida? Send oss ein epost på post@osogfusa.no med dine innspel. Alle meiningar vert mottekne med takk!