Eva Skeie Hjelle frå IKT-avdelinga i kommunen og aktivitetskoordinator på Luranetunet, Grete Byrkjeland, har i dag jobba med å gjera klart for 17. mai-sending på Luranetunet.
Eva Skeie Hjelle frå IKT-avdelinga i kommunen og aktivitetskoordinator på Luranetunet, Grete Byrkjeland, har i dag jobba med å gjera klart for 17. mai-sending på Luranetunet.

Os kommune har ordna 17. mai-sending på Luranetunet

Kommunen har rigga til fleire skjermar på Luranetunet, slik at alle bebuarane får sjå feiringa av nasjonaldagen.

Det er ikkje alle som kjem seg ut for å ta del i 17. mai-feiringa. Det ønskte kommunen med Kjetil Osablod Grønvigh i spissen å gjera noko med. Eva Skeie Hjelle frå IKT-avdelinga i kommunen har vore på Lurane og fiksa slik at bebuarane kan sjå lokalpressas dekning av 17. mai på storskjem på fem avdelingar.

- Det har gått i eitt i dag. Det har sjølvsagt vore ulike koplingsproblem på dei ulike avdelingane, seier Hjelle og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men no er fem avdelingar kopla opp. Det blir også høve for å sjå 17. mai-feiringa for den sjette avdelinga, men det skjer først 18. eller 19. mai.

Utvida sending frå nasjonaldagen

Os&Fusa-TV vil laga ei utvida 17. mai-sending som blir lansert medan bebuarane plar drikka kaffi på ettermiddagen.

- Det er nok ikkje alle som får det med seg då, men no har vi dette tilbodet, og vi kan henta fram att sendinga når nokon ønskjer å sjå ho, seier aktivitetskoordinator Grete Byrkjeland.

Sendinga vil sjølvsagt også vera tilgjengeleg for resten av Os- og Fusa-innbyggjarane på osogfusa.no.

Flott og viktig initiativ

Os kommunes initiativ til 17. mai-sending, gjer at bebuarane lettare kan få med seg lokale nyhende også i framtida.

- Eg har snakka med fleire bebuarar om 17. mai-dekninga, og dei er veldig glade for at dei får høve til å sjå lokalpressas videoar og andre reportasjar frå feiringa. Ikkje minst så gjer dette tilgangen til lokale nyhende og videoreportasjar meir tilgjengeleg for dei. Eit flott og viktig initiativ, meiner Byrkjeland.