Digital førstehjelp-undervisning: Sjølve førstehjelpa lèt seg vanskeleg utføra over nettet, men opplæringa er det noko anna med. Onsdag førelas Einar Irjan Ananiassen for 120 elevar om førstehjelp.

Os Røde Kors sikra at 120 avgangselevar fekk fullført førstehjelpskurset digitalt

– Me må vera kreative i desse koronatider, seier kroppsøvingslærar ved Nore Neset ungdomsskule, Kjersti Tysse Plätzer.

Onsdag såg ho til at alle dei 120 avgangselevane ved skulen fekk sitt naudsynte førstehjelpskurs, og det via digital undervisning.

– Me har våre kompetansemål som elevane skal nå. Førstehjelpskurs er blant dei. Då me såg at det vart vanskeleg å få fullført dette via vanleg undervisning, heiv Os Røde Kors seg rundt og ordna digital undervisning, fortel Plätzer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Quiz-oppfølging

Ho takkar Lars Atle Skorpen for hjelp og Einar Irjan Ananisassen for god digital førelesning.

– Korleis sjekkar du at elevane får med seg det mest vesentlege?

– Det gjer me ved å ha quiz underveges i forelesninga. Deretter vert det krav om innleveringsoppgåve, før elevane får kursbeviset sitt, fortel Plätzer