Ingvar Moe (i midten) var ei kjend radiorøyst på 1980-talet. Her vert han og mora Brita intervjua i NRK av osingen Kjell Harald Lunde.
Ingvar Moe (i midten) var ei kjend radiorøyst på 1980-talet. Her vert han og mora Brita intervjua i NRK av osingen Kjell Harald Lunde.

Os Senioruniversitet: Ingvar Moe – folkekjær humorist

«Me ska leva så kort, og vara daue så skrekkjele lengje», skreiv Ingvar Moe. Det gjeld å nytta tida – og ta vare på stundene.

Ingvar Moe debuterte som diktar 39 år gamal og fekk Tarjei Vesaas sin debutantpris. Dei neste 17 åra var han umåteleg produktiv. Han gav ut diktsamlingar, barnebøker, morobøker, noveller, romanar og lærebøker. Han skreiv viser for plateartistar, og han omsette tekster frå engelsk. Han farta rundt på opplesingsturnear, åleine og saman med mellom andre Stanley Jacobsen. Ingvar Moe var fleire gongar i Os - i Solbakkestova, i Søre Øyane og på Søre Neset. I alt han skreiv – i skjemt og alvor – låg ein undertone av sympati med dei svake i samfunnet. Ingvar Moe døydde i 1993, berre 56 år gamal.

Ingvar Moe voks opp i Etne. Han utdanna seg til lærar og flytta til Nøtterøy der han skula før han vart forfattar på heiltid. Han sat også i kommunestyre for SV ein periode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som nyslått forfattar tok Ingvar Moe eit beiskt oppgjer med dobbeltmoralen og svartsynet som han opplevde i oppveksten. Sunnhordlendingane tok det ille opp, og i nokre år kjende han seg lite velkommen i Etne. Men i mora Brita hadde Ingvar ein varm forsvarar.

Etter kvart fekk Ingvar Moe eit meir avslappa forhold til heimbygda - og bygda til han. Det går ikkje minst fram av det sjølvironiske diktet «Epilog i Etne»:

Neimen, er det ikkje Ingvar di kjeme med!

Det e visst nauo han leve?

Men skund dåke, folkes, og grav han ned.

Det kjeme te gro der de greve.

Det kjeme te å gro rundt hans KVIL I FRED,

så møkje skit som den fyren har skreve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingvar Moe var ein eminent radiokåsør; den mest populære og hata morgonkåsøren i NRK på 1980-talet. Då han harselerte med oslofolket som ferierte på Nøtterøy om somrane, klaga vestkantfiffen til leiinga i NRK. Han vart ein periode svartelista.

I Os Senioruniversitet komande måndag vil Jimmy Næs fortelja om Ingvar Moe og hausta frå hans rike forfattarskap. Jimmy Næs er sjølv trubadur, tekstforfattar, komponist og formidlar. Han bur i Etne, i bygda der Ingvar Moe voks opp.

Sjå annonse i fredagsavisa.

Styret

Os Senioruniversitet