Kuventræ: N/A

Os Turn og Nore Neset IL tek grep for å forhindra smitte - her er tiltaka

Idrettslaga har gått ut med felles uttale om trening og aktivitet i tida framover.

Både Os Turn og Nore Neset IL viser til at dei til ei kvar tid følgjer gjeldande råd frå Folkehelseinstitutett (FHI) og Bjørnafjorden kommune, i tillegg til retningslinjer frå særforbunda.

Klubbane mellom har i samråd med Bjørnafjorden kommune beslutta følgjande tiltak:

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Alle innandørs trening, samling, kampar, øving og andre aktivitetar i Os Idrettshall, Os gymnas og Os barneskule vert avlyst fram til 1. april.

2. Trening utandørs kan inntil vidare gjennomførast som normalt.

3. Kampar oppsett av Norges Fotballforbund og allereie avtala treningskampar kan gå som normalt inntil annan beskjed vert gitt.

4. Dusjar vert stengde, og det vert restriksjonar på kor mange som kan opphalda seg i garderobane samtidig.

5. Fotballfritidsordninga og akademiet vil vera opne inntil vidare. Konkrete tiltak vil her bli sendt direkte til deltakarane.

6. Det vert innført strengare hygienekrav på klubbhuset, og innført tiltak knytta til reinhald.

7. Sosiale tilstellingar i regi av idrettslag vert utsett inntil vidare.

Idrettslaga har følgjande presiseringar når det gjeld treningar:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Trenarar eller utøvarar som ikkje føler seg heilt frisk, skal halda seg heime.

- Har de nokon i familien som er i karantene, så bør de avstå frå trening.

- Ingen skal dela drikkeflasker eller mat.

- Vi handhelsar eller klemmar ikkje.

- God handhygiene er ekstremt viktig - vask henda ofte.

- Host/nys i alboga

– Ha generelt låg terskel for å avstå frå trening dersom ein ikkje føler seg heilt frisk.

Det vert samstundes påpeika at råd og retningslinjer endrar seg kontinuerleg, noko som gjer at det på kort varsel kan koma ny informasjon frå idrettslaga. Dei bed difor folk følgja med på dei kommunikasjonskanalane som laga nyttar for oppdatert informasjon.