Noregs største: Premien kom i Noregs største radiobingo.

Osing vann over 100.000 i radiobingo

– Dette er den beste julegåva eg nokon gong kunne fått.

Det seier Hege Katrine Søreide, osingen som vann over 101.500 kroner på radiobingoen Fjorden Bingo på Bingokanalen lille julaftan.

– Det har vore åtte år med trange kår. Eg har vore sjuk sidan 2011 og ikkje kunna jobba. Eg har vore avhengig av familien. Dette er den beste julegåva nokon gong, seier bingovinnaren i ei pressemelding frå Fjorden Bingo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinnarblokka kjøpte Søreide lokalt på Mekk Amfi Os.

Fjorden Bingo på Bingokanalen er inspirert av Fjorden Cowboys som vart send på TV 2 Zebra 2014 til 2019. Serien følgde Leif Einar Lothe og Joar Førde som jobbar i anleggsbransjen i Hardanger. Programmet var ein stor suksess og det blei produsert sju sesongar av serien.

Fjorden Bingo med Joar er også blitt ein stor suksess og er Noregs største radiobingo.