Kontroll: Politiet hadde kontroll på Bergen-sida av Lyshorntunnelen onsdag.

På andre sida av denne tunnelen stod politiet oppstilt

Det var ikkje alle som hadde klart å redusera farta til 80 km/t på veg ut av Lyshorntunnelen.

Onsdag gjennomførte politiet trafikkontroll ved utgangen av Lyshorntunnelen i retning Bergen. Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.

Nokre hundre meter før utgangen av Lyshorntunnelen går fartsgrensa frå 100 km/t til 80 km/t.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kontrollen skal ha blitt gjennomført i 19.15-tida.

— Resultatet er 12 forenkla førelegg. Høgaste hastigheit var 115 km/t, skriv Lyssand.

Det er farleg nære førarkortbeslag. Ved 35 km/t over fartsgrensa i 80-sona, er ein 1 km/t frå førarkortbeslag.

Føraren vil i dette tilfellet ha fått eit førelegg på 14.500 kroner og tre prikkar på førarkortet.