Kyr på tur: To kyr hadde funne vegen til eldresenteret, der det blei rigga til bryllaup.

På gjestelista til bryllaupet: 60 personar og to kyr?

— Dei er litt tidleg ute, for festen er i morgon, seier Helene Føreland Gaassand (21) og ler.

Laurdag gifta Helene Føreland Gaassand seg med Ole Petter Berg. Festen var i Os Eldresenter. I samband med dette var dei på plass for å rigga fredag. Plutseleg dukka det opp ubedne gjester, men Føreland Gaassand sa at dei var hjarteleg velkomne.

— Klart dei skal få vera med om dei ønskjer det, seier ho og ler når me møter ho fredagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det var forlovaren til min mann som først oppdaga dei. Han kom inn og spurte om det var normalt at kyr gjekk laus her i bygda. Han er frå Bergen. Det skjer at kyr går laus i bygda, men gjerne ikkje nett her, seier Føreland Gaassand.

Stakk av: Dei to kyrne skal ha stukke av. Eigar blei raskt spora opp.

Eigar av kyrne blei raskt spora opp. Og det tok ikkje lange tida før ein større lastebil var på plass for å transportera dei trygt heim. Dermed vart ikkje dei to å sjå i bryllaupet likevel.