Malene og Anja Sagen var blant dei mange som fann vegen til Os hamn tysdag føremiddag.

– På høg tid med årets første softis

Søskenparet Malene og Anja Sagen nytte sola i Os hamn tysdag.

Publisert

Etter ei helg med fint vêr, men med gufsen nordavind, var det verkeleg vårstemning i Os tysdag. På kaien var det fleire som benka seg i sola og nytte ein god softis.

– Me hadde plutseleg tid til eit lite avbrekk. Då passa det godt å kjøpa årets første softis, fortel Malene (26) og Anja (22) Sagen.

Medan storesøster jobber i dyrebutikken i Os, har veslesøster ein del skulearbeid som heng over ho.

– Eg skriv bachelor-oppgåve innan sjukepleiarutdanninga, så eg var meir enn klar for ein pause, ler Anja.

Opp mot 22 grader

Meteorolog Unni Nilssen er ganske sikker på at det kan bli fleire dager med softisvêr i Bjørnafjorden i tida framover. I alle fall i slutten av denne veka.

– Alt torsdag vil temperaturane stiga godt. Då vil det bli opp mot 19 grader. Fredag 1. mai venter me over 20 grader. I Os, kanskje så mykje som 22 grader, fortel Nilssen og held fram:

– Når temperaturen er over 20 grader, vert det rekna som ein nordisk sommardag, så fredagen må folk koma seg ut og nyta.

Ho legg til at det blir jamt bra gjennom helga også.

– Det blir for det meste opplett, men på laurdag kjem det nokre nedbørsbyger. Elles vert det heilt opplett søndag og det same i starten av neste veke. Temperaturen vil liggja på kring 10-15 grader, fortel Nilssen.

Tørr april i Eikelandsfjorden.

Tørraste sidan starten

Meteorologisk institutt har hatt målestasjon i Eikelandsosen i tre år. Aldri har dei målt ein tørrare april.

– Bortsett frå nokre våte dagar i starten av månaden, har det vore svært mykje opphaldsvêr både i Eikelandsosen og på Vestlandet generelt. Til no i år har me målt 95 mm nedbør på denne stasjonen. Til samanlikning var det heile 159 mm i april i 2024 og 142 i fjor, fortel vakthavande ved klimaavdelinga hos Meteorologisk institutt.

Powered by Labrador CMS