Sjølv om isen kan vera trygg nokre stader i Os, er det ingen vatn som møter kravet om is på 15 cm tjukkleik.
Sjølv om isen kan vera trygg nokre stader i Os, er det ingen vatn som møter kravet om is på 15 cm tjukkleik.

På utrygg grunn

Tidlegare i dag blei det observert to ungdomar ute på isen ved Sigurdsvika. - Dette gjer dei på eige ansvar, seier vakthavande befal i brannvesenet, Arne Monsen.

- Dei kan berre gå ut på isen, men isen på Ulvenvatnet på den sida er ikkje trygg. For at isen skal kategoriserast som farbar, må han vera 15 cm tjukk. Ingen av vatna i Os har is med slik tjukkleik.

Brannvesenet var måndag føremiddag ute for å måla isen. Isen på dei ulike vatna varierte frå fire til elleve centimeter i tjukkleik. Altså ikkje farbare.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har reglar å forholda oss til. Vi har fått nye skilt som tydeleg viser om det er trygt eller ikkje å gå utpå. Med ein gong det er trygt, vil vi opplysa om dette, seier Monsen, som vil presisera at om ein likevel vel å gå ut på isen, så er det på eige ansvar.

Monsen fortel vidare at brannvesenet kjem til å ta ei ny måling anten i morgon (tysdag) eller onsdag.

- Ei natt eller to til med frost, så kan vi kanskje håpa at isen er trygg, seier han.