Black Friday. Andreas Lund Aga trur at det er Black Friday som gjer at talet pakker er så enormt i desse dagar.
Black Friday. Andreas Lund Aga trur at det er Black Friday som gjer at talet pakker er så enormt i desse dagar.

Pakkekaos på Prix

Det kan sjå ut som at mange fann noko dei likte på internett på Black Friday. På Coop Prix har dei så mange pakkar at dei snart ikkje veit kor dei skal gjera av dei.

– Det kom nokre bur med pakkar i går kveld, og i dag tidleg kom det tre bur til – og det er berre det som kjem frå Posten. Vi har PostNord i tillegg, seier Andreas Lund Aga (22).

Black Friday-rush

Ute i postskranken er det nærast stappfullt med pakkar. Alt som kjem frå PostNord står på lageret på pallar og i hyller. Der står det i tillegg eit bur med pakkar frå Posten, som ikkje er sortert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om det kjem nokon inn og skal hente pakka, og vi ikkje har skanna og sortert ho, så må vi berre beklaga, seier Lund Aga, som trur at han veit kvifor det er så stort trykk nett no.

– Det er nok grunna Black Friday, seier han.

Trykk i fjor også

Lund Aga hugsar ikkje om det var like stort trykk i fjor. Det viser seg at det var minst like stort trykk i fjor. Då gjekk butikksjef Linda Veivåg ut og bad folk henta pakkane sine.

Handlevogner, pallar, hyller og bur – det er snart ikkje meir plass på lageret til Coop Prix.
Handlevogner, pallar, hyller og bur – det er snart ikkje meir plass på lageret til Coop Prix.

– Eg trur at folk er flinkare til å vera raskt ute med å henta i år. Det hender ofte at folk kjem og hentar pakkar på morgonen som eg nett har skanna, seier han.

Med det store trykket som er, er det viktig.

– Det er berre til å koma og henta om ein har fått hentemelding, seier han og smiler.